Generelt om «Dovrejul»

Ein romjulsfestival arrangert annakvart år i Dovre Kommune med klassisk, latinamerikansk og folkemusikk samt litteraturutdrag som fordjupar historie, samtid og samanheng mellom musikkstykka.

Utgangspunktet er den allereie eksisterande tradisjonen med ein Annleis Julekonsert i Dovre kyrkje som fann stad i 2011, 2012 og 2013 med familien Glorvigen, Sigrid Sørumgård Botheim og Jørgen Brandli. Gjestar i 2013 var cellisten Maria Alejandra Conde Campos frå Venezuela og den norske fiolinisten Bjarne Magnus Jensen. I 2014 vart konserten utvida til fleire og festivalen fekk namnet ”Dovrejul”. Gjestar var Martin Flatmoen, folkemusikkgruppa ”Tri”, pianisten Christian Ihle Hadland og cellisten Nicolas Altstaedt, kunstnariske leiarar i henhaldsvis Stavanger og Lockenhaus Kammermusikkfestivalar. (Austerrike).

Dovrejulprogramma vert sett saman av Bjørn Sigurd Glorvigen som er folkemusikar og broren Per Arne som spelar latinsk og klassisk musikk. Dei to bur i Oslo og Paris men er oppvaksne på Dovre. Innanfor dei ulike sjangrane har brørne omfangsrike kontaktnett; Bjørn Sigurd er A-klassekvedar på landskappleiken og kjenner folkemusikkmiljøet særs godt. Per Arne har medverka på tallause festivalar rundt omkring i Europa: Lockenhaus i Austerrike, Gerberoy og Salons de Provence i (Fr), Oxford, Heimbach, Stuttgart og Bremen, samt Risør, Stavanger, Oslo, Trondheim. Han var Festspelmusikar ved Festspela i Bergen i 2006.

Målet med konsertane har heile tida vore å trekke band mellom det kjende og det ukjende, mellom heime og burte, mellom klassisk og folkemusikk. Ettersom konsertane også har inneheldt opplesing av historiske og samfunnsengasjerande litteraturutdrag, har konsertane skild seg ut frå tradisjonelle, ”idylliske” julekonsertar. Konsertane har kvart år hatt aukande oppslutning, i 2013 var omlag 200 personar frå heile Nord-Gurdbrandsdalen samla i Dovre Kyrkje. I 2014 var kyrkja stappfull til festivalen sin hovudkonsert, dvs. i underkant av 300 personar.

Eit mål er å få uroppført eit nyskrive verk ved kvar festival. Målet er at dette verket skal inkludera barn og unge frå Dovre/Nord-Dalen. Konsertar på aldersheimen inngår også i festivalen, slik at Nord-Gudbrandsdølar i ALLE aldrar inkluderast.

Organisering

«Dovrejul» er organisert som ei foreining . Økonomisk ansvarleg er Bjørn Sigurd Glorvigen og kunstnarisk ansvarleg er Per Arne Glorvigen. Økonomisk rådgjevar er mangeårig departementsråd i Finansdepartementet og tidlegare OECD- og UNESCO-ambassadør for Norge i Paris, Tore Eriksen. Dei lokale frivillige blir leia av Åshild Einbu og Oddlaug Hammerstad.

Foto heimeside: Asbjørn Amble.

Presseklipp

Presse Klassisk Musikk 500

Gudbrandsdølen Dagningen, 30/12, 2014

tekstforfattarar-500

Dovrejul 2016

Tema: BARN OG (EVIG) UNGE

Temavalget opnar for innvolvering av barn og unge i festivalen, og vil gje lokal ungdom høve til å musisera med profesjonelle kunstnarar. Jula er barna si høgtid og Dovrejul vil leggja vekt på musikk og tekstar skrive av barn og unge. Men med ein annan vri enn det dei er vant til. Det vaksne publikumet vil vil også få høve til å gå i barndomen.

Dovrejul 2018

Tema: DOVRE I VERDA

Neste Dovrejul arrangerast i 2018 med tingingsverk av Bjørn Kåre Odde der barn deltek med folkedans.