29/12: Stor orkester- og orgelkonsert

Høyr nyorgelet i Dombås kyrkje saman med Trondheimsolistene, organist Paul Wilmot, Bjørn K. Odde (fele), og Glorvigenbrørne.

Dovrejul er stolte av å børste støv av Dovres største komponist, Ole Hjellemo (1873-1938). Hjellemo var født i ei lita "stugu" like ved Mossjordet grendahus. Frå å vere aktiv i Dovre sitt musikkmiljø enda han opp som fiolinist og komponist i Oslo. Han skreiv mellom anna fem symfoniar, den fyrste vart urframført med Johan Halvorsen som dirigent i 1912. Han tonesette også diktet "Aksion på Tande" av Olav Aukrust og arrangerte lokal folkemusikk. Hjellemo var nær knytt til heimbygda og kom heim med nye musikkimpulsar til bygda, mellom anna då han fekk starta Angardskvartetten på 1930-talet.

Dirigent Terje Boye Hansen har restaurert symfoni nr. 4 og han vil også dirigere symfonien.

Bjørn Kåre Odde er folkemusikar og komponist ifrå Lom. Trass i sin unge alder er han ein viktig vidareførar og fornyar av tradisjonsmusikken. Til Dovrejul har han skrive eit heilt nytt verk; "Slåttånd", som er for strykeorkester, fele, kvedar og bandoneon. Verket er nyskriven tradisjonsmusikk og du får høyre både Reinlender, halling og "Menuett på speed".

Dombås kyrkje har fått nytt orgel og for anledninga vil organist Paul Wilmot spele Francis Poulenc sin konsert for orgel, strykarar og paukar.Konserten er skriven same år som Dombås kyrkje stod ferdig.

Billettar

Tidspunkt: 29. desember, 2018, kl. 19:00
Stad: Dombås kyrkje
Pris: 300kr + avgift

KONSERTANE

Opningskonsert - Dovre i verda

Dovre Kyrkje

28. desember, kl 19:00

Nachsprell mæ nogo attåt

Tasty Thai Jetta

28. desember, kl 21:30

Fredheimkonserten

Fredheim aldersheim

29. desember, kl 11:00

Stor orkester- og orgelkonsert

Dombås kyrkje

29. desember, kl 19:00

Hotellnachsprell

Dombås hotell

29. desember, kl 21:30