28/12: Opningskonsert - Dovre i verda
Pilegrimar i middelaldaren, utvandring på 1800-talet, innvandring i dag… Dovre har alltid vore ein del av den store verda. Noko av den fyrste musikken frå den store verda som vart høyrt på Dovre var nok den religiøse og klassiske musikken i kyrkjene; i kveld representert ved vakre Schumann og eldfulle Mendelssohn med strykarar frå KORK og pianisten Paul Wilmot. Tenk at Dovre allereie frå 1930 hadde noko så ekstotisk og unorsk som ein strykekvartett! Den legendariske Angardskvartetten spelte til dans og underhaldning i meir enn 40 år og eit utval av denne musikken får vi høyra i kveld; både i kyrkja og på Jetta: Dei spelte Dovreleikar arrangert av Ole Hjellemo, men også Wienervals og galopp frå finstovene på Hedemarken. Strykekvartetten vår hoppar rett frå Angard til Iran når dei får med seg virtuosen Javid Afsari Rad på Santur (eit fascinerande persisk folkeinstrument) og tekstopplesaren Safa Abubasha, som kom til Nord-Gudbrandsdalen som kvoteflyktning. Tekstane ho les fortel om innvandringa til Dovre og andre små stader i Noreg. Vi får også høyra utvandrarane si historier i form av Amerikabrev sendt til Dovre rundt 1890.
Duoen Bjørn Kåre Odde (fele)/Ole Nilsen (trekkspel) spelar både svingande tradisjonsmusikk og ny vakker folkeinspirert musikk av Wolfgang Plagge. Bjørn Sigurd syng lokale stubbar med duoen og Per Arne skal sjølvsagt spela temperamentsfull tango med dei fantastiske strykarane.
Medverkande:
Per Arne Glorvigen – bandoneon
Bjørn Sigurd Glorvigen - folkesong
Bjarne Magnus Jensen – fiolin
Jon Sønstebø - bratsj
Steinar Haugerud - kontrabass
Bjørn Kåre Odde – fele
Ole Nilsen – trekkspel
Javid Afsari Rad – santur
Safa Abubasha – tekstlesing
Paul Wilmot-piano
Billettar
Tidspunkt: 28. desember, 2018, kl. 19:00
Stad: Dovre Kyrkje
Pris: 250kr + avgift