28/12 Opningskonsert

skjonberg-midtli-klassisk-musikk-dovre

Espen Skjønberg (92) les jule-evangeliet samt tekstar av HC Andersen, André Bjerke og Lars Saabye Christensen. Ungdommane  Mari Midtli (19), Guro Kleven Hagen (22), Allegrar Strykekvartett (15-17) og Mads Erik Odde (25) spelar norsk og ungarsk folkemusikk, tango, Mendelsohn, Mozart og Egge. James Olav Glorvigen (8) debuterer på fiolin i Dovre kyrkje denne kvelden. Bjørn Sigurd og Per Arne Glorvigen deltek her og på alle dei andre konsertane under festivalen.

28/12 Nachsprell

På biletet: Kremen av europeiske musikarar kosar seg ved pianoet på Jetta under Nachsprellet på Dovrejul i 2014: Vilde Frang, Nicolas Altstaedt og Christian Ihle Hadland. Lokal beundrar: Jostein Einbu Wigenstad.

På biletet: Kremen av europeiske musikarar kosar seg ved pianoet på Jetta under Nachsprellet på Dovrejul i 2014: Vilde Frang, Nicolas Altstaedt og Christian Ihle Hadland. Lokal beundrar: Jostein Einbu Wigenstad.

Laus og uformell snipp med musikarane frå kyrkjekonserten pluss tre blad Glorvigen frå den yngre generasjon. Unni og Morten serverer varm supe og god drikke. Er stemninga god så tek vi vel ein svingom til slutt?

29/12 Fredheimkonserten

Festivaldeltakarane sprer også denne gongen glede og hygge med ord og tonar for bebuarar med familar på Fredheim Omsorgssenter.

29/12 Orkesterkonsert

dombas-kirke

Lesja Barnekor, Gustav Rørmark (15) og 13-åringen Mendelssohn briljerer under årets tema ”Barn og evig unge”! Møt også vidunderbarnet frå Valdres som no har blitt ein av av Nord-Europas fremste fiolinistar; Guro Kleven Hagen (22) og kvedaren Mari Midtli (19) frå Sel. Strykeorkesteret er Innlandet Sinfonietta frå Oslo/Gjøvik leidd av mangeårig konsertmester i Kringkastingsorkesteret, Atle Sponberg. Komponisten Ståle Storløkken, opprinneleg frå Dombås, har komponert eit verk til minne om mor si spesielt for denne konserten: ”Bygda mi” basert på tekstar av Hjerleidelevar og folketonar frå Dovre.

29/12 Nachsprell

Foto: Iver Daaland Åse

Foto: Iver Daaland Åse

Julejam med familien Storløkken. Da Ståle si mor budde på Fredheim, gjesta familien Storløkken Åse aldersheimen kvar jul med eit triveleg juleprogram. Vi får høyra utdrag frå dette repertoaret. Etter kvart kjem andre musikarar til og blir med på julejam. Hotellverten Jan Krokedal byr på varm supe og god drikke.

Med Tone Åse vokal, Ståle Storløkken tangentar, Amund Storløkken Åse perkusjon og Emil Storløkken Åse, gitar og gjestar.